Johannes Heggland (1919 - 2008)


Johannes Heggland debuterte 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet. Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfattarskapen er løna med ei rad prisar. Heggland var ordførar i Tysnes 1956-59 og 1968-71, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening 1982-85, medlem av Nordisk Råd sin priskomité, medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend. I 2005 vart Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. 



Alt tidleg dokumenterte Heggland stor psykologisk innleving, ikkje minst har han synt innsikt i og forståing for kvinnesinnet. Difor finn vi fleire sterke og flotte kvinneskapnader i forfattarskapen hans. Vestnorsk bygdeliv og sunnhordlandsk soge kjende han som knapt nokon, og med sin djupe kjennskap og diktarlege skaparevne har han reist eit varig monument over kvardagsheltar og kvardagsslitarar i landsdelen. - Jan H. Landro
.

Bøker om Johannes Heggland




Artikkelsamlinga "Johannes Heggland - diktar og historikar" vart gjeve ut av Tysnes Sogelag i samband med 90 års-dagen i 2009 (Heggland døydde året før). 

Bibliotekleiar ved Tysnes folkebibliotek Knut Rage, som hadde tett kontakt med Johannes Heggland i dei siste leveåra, m.a. med tanke på ei framtidig Heggland-samling i Tysnes, har skrive eit oversyn over forfattarskapen hans. Professor Gunnstein Akselberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet  i Bergen, bidreg med ein artikkel han har kalla "Særtrekk ved det episke skriftspråket", medan Ottar Grepstad, som er direktør ved Ivar Aasen-tunet, har eit innlegg som er kalla "Den nynorske prosaforteljaren". 

Dr. philos Kåre Glette, som i si tid tok hovudfag i litteratur på trekk ved Heggland sin forfattarskap, tek føre seg den siste romanserien til Heggland,  ”Tusen vårar”,  i artikkelen "Å tømra ein tusenårsstad på Tysnes". Informasjonssjef i Gyldendal, Bjarne Buset, har skrive om Johannes Heggland som Gyldendøl. Då Heggland døydde var han den gyldendølen med lengst fartstid i forlaget.

Johannes Heggland var særs oppteken av den mellomalderske gildesamskipnaden og Onarheimsgildet på Tysnes. Ph.d. Lars Bisgaard ved Syddansk Universitet tek såleis føre seg "Gildernes oprindelse og deres udvikling i middelalderen", medan arkivar Harald Lindbach ved    Universitetet i Tromsø skriv om "Middelaldergildene i Norge". Boka vert avslutta med ein artikkel av Johannes Heggland sjølv, som skriv om "Olavsgildet på Onarheim i vestnorsk samfunn".  

--

I 2012 kom det ut ei bok om den språklege sida ved Johannes Heggland sin forfattarskap, skrive av professor Andreas Bjørkum. 

Sett vekk frå eit par masteroppgåver er det forska mest ingenting på mannen og verket. Det var difor ei storhending i seg sjølv at pensjonert professor Andreas Bjørkum sendte ut ein språkleg analyse av Heggland sin skjønnlitterære produksjon. Lydverket er grundig kartlagt, til liks med formverket, og viser den språklege utviklinga i forfattarskapen gjennom nærare sytti år. 

No vert dette rett nok for særs interesserte, for språkfolk, litteraturvitarar og studentar, men også for ein lekmann vert det eit interessant studium – og kjem til å vera det i lang tid framover. Av vel så stor interesse er dei grundige oversiktene over ordtilfanget, anten det no gjeld dei mange ord og vendingar med opphav i sunnhordlandsdialekten, eller person- og stadnamn, eller det rike ordtilfanget henta frå normalisert nynorsk. 



E-bøker og dvd



Dei aller seinaste åra er ei rekkje av Johannes Heggland sine romanar kome ut som såkalla e-bøker - bøker som kan lesast på lesebrett eller nettbrett. Når om ikkje lenge også folkebiblioteka tek til med utlån av e-bøker er det eit godt teikn på at Johannes Heggland sitt mangfaldige skjønnlitterære univers vert teke med inn i framtida, til glede for nye generasjonar av lesarar.

I 2009 vart det produsert ein dokumentarfilm med tittelen "Johannes Heggland - forteljaren". I filmen høyrer me Johannes Heggland sjølv fortelja om korleis det er å vera forfattar, og om bøker og bokseriar han har skrive. I tillegg møter me personar som stod forfattaren nær, og som på forskjellig vis har fordjupa seg i tekstane hans. 


Johannes Heggland som historikar



For sambygdingane på Tysnes i Sunnhordland er Johannes Heggland eit like stort namn som lokalhistorikar. To-bandsverket "Tysnes - det gamle Njardarlog" kom ut i to band 1963 og 1975. Her finn ein Tysnes si historie frå dei tidlegaste tider fram til ca. 1970, med hovudvekt på perioden etter 1814. Johannes Heggland har nytta svært mykje originalt kjeldemateriale under arbeidet.  Verket vart sidan trykt i nytt opplag  1992 og finst framleis i handelen.

Johannes Heggland har også skrive soga til fleire sparebankar, såleis Tysnes Sparebank 1863-1963, Bremnes Sparebank 1866-1966, Fjaler Sparebank 1873-1973 og Samnanger Sparebank 1874-1974. Like før jul 2007, nokre veker før han døydde, kom boka "Tysnesmålet" ut - ordlista, ordtak og stubbar som Johannes Heggland hadde samla gjennom eit langt liv. 


Sogespela


Johannes Heggland har skrive ei rekkje sogespel som har vore framført anten ein sesong eller årvisst, som hans mest kjende spel - Mostraspelet. I tillegg har han skrive eit spel med handlinga henta frå Onarheim, som enno ikkje er oppført. Forutan sogespela har han også skrive annan dramatikk som i dag er mindre kjend. 

Av sogespela kan nenmnast Kongsgildet på Ogvaldsnes (1981), Mostraspelet: Kristkongane på Moster (1984), Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson (1995), Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen (1997), Spel om Magnus Erlingsson (1999), Zetlitzspelet (2000) og Syng elvestraum (2006). 

Tusen vårar (6) - Vårherres urtegard


"Vårherres urtegard" er det sjette bandet i "Tusen vårar"-serien - og det vart den siste romanen Johannes Heggland skreiv, boka kom ut nokre veker etter at han døydde. Dermed nådde Heggland aldri å fullføra dei planlagde ti banda. 

Handlinga er lagt til ufredstidene i byrjinga av 1800-talet. Med meisterhand teiknar Johannes Heggland eit vitalt og mangfelt bilete av livet i ei vestlandsbygd i ei omskifteleg tid. Nytt brytest mot gamalt, son mot far, ættetradisjon mot fridomslengt, haugianisme mot kyrkjemakt. Og sentralt står menneska: Prosjektmakaren Gitle som lét seg freiste av nye tankar og gapar høgare enn det som klokt er, Sara Lisbet som må seie nei til husmannsguten Mikkel -; han er slett ikkje god nok for Bastaland-folket. Og Askjell som må velja mellom det hjartet ynskjer og det som tener framtida til garden han skal erve.

"Vårherres urtegard" er ein heilt sjølvstendig roman. Bjarne Tveiten i Fædrelandsvennen skreiv om boka då ho kom ut: "Forteljaren Heggland glitrer som knapt nokonsinne tidlegare - i sitt 88. år! Dessutan: Språket hans, som er blitt meir dialektprega, er så presist, så bilderikt, så finstemt at det berre er å gje seg over."

Omslag: Filius Design. Gyldendal Norsk Forlag, 2008.

Tusen vårar (5) - Oppkoma


"Oppkoma" er den femte boka i serien "Tusen vårar". Handlinga går føre seg i det sunnhordlandske øyriket i første halvdel av 1700-talet. Me opplever ei levande tidsskildring og eit fargerikt persongalleri med menneske som strir både for levemåte i ei hard tid, og for sitt åndelege liv. Gyldendal Norsk Forlag, 2006. Omslag: Filius design as.

Tusen vårar (4) - Ingibjørg



I romanen "Ingibjørg", som er den fjerde boka i serien "Tusen vårar", er me i Sunnhordland på 1600-talet, i ei tid då den rike jordeigaren Axel Mouatt la grunnlaget for Rosendal baroni. "Ingibjørg" er ei historie om bønder som elskar og hatar, og som gjer opprør mot kongemakt og ufred. Gyldendal Norsk Forlag, 2004. Omslagsfoto: Marianna Heggland Brungot. Filius design as.

Det forunderlege


Som bakgrunn i skildringa av Harald i denne ungdomsromanen møter me folket hans på Sommarli, ikkje minst den vitale bestemora Lisbeth, og den trauste venen Karsten. "Det forunderlege" vart Heggland sin aller siste ungdomsroman, skriven i ein alder av 84 år. Eide Forlag, 2003. Omslag: Kjersti Hjelmeland Brakstad.

Tusen vårar (3) - Gud skifter andlet



Band 3 i serien "Tusen vårar" handlar om den sterke brytinga mellom katolisismen og Luthers lære, som førte til eit markert kulturskifte i Noreg på 1500-talet - på godt og vondt. "Gud skifter andlet", 2003. Gyldendal Norsk Forlag. Omslag: Olaus Magnus. Filius design as.

Tusen vårar (2) - Himmelstigen


"Himmelstigen" er det andre bandet i den historiske romanserien "Tusen vårar", men er likevel ein sjølvstendig roman. Sunnhordland er sentrum i handlinga, tida er det dramatiske 1300-talet. Her møter me vanlege folks liv og lagnad og følgjene av Svartedauen, me møter klosterliv med sine gode og mindre gode sider - og striden mellom kyrkjemakt og statsmakt. Gyldendal Norsk Forlag, 2002. Omslag: Filius Design as.

Tusen vårar (1) - Sigrid Jonsdotter


I 2001 innleidde Johannes Heggland romanserien "Tusen vårar", som var meint å koma i ti band og dekkja perioden frå kristninga av Noreg og fram til vår tid. Så langt kom han aldri - det sjette bandet kom like etter at Johannes Heggland døydde.

Den første boka, "Sigrid Jonsdotter", er ei fengslande soge frå 1000-talet, om eit Noreg i endring. Her kjempar ny orden mot gammal, kristentru mot heidenskap, lendmannsmakt mot kyrkja. Og midt i stridane finn me menneskelagnadene - lendmannen og dotter hans, løysingen, munkane frå Irland og kong Magnus Olavsson sjølv. Gyldendal Norsk Forlag, 2001. Omslag: Filius Design AS.

Det saltlause saltet


"Det saltlause saltet" er eit framhald av romanen "Sjå kor dei elskar kvarandre". Boka skildrar korleis eit konservativt bygdesamfunn møter moderniteten, eller seinmoderniteten - industrialisering, oppløysing av tradisjonelle norm- og familiestrukturar, og mediefokusering på intime sider ved privatlivet. Gyldendal Norsk Forlag, 1999. Omslag: Svein Størksen.

Tysk utgåve i 2001 under tittelen "Salziger Wind".



Den unge kongen


"Den unge kongen" er ein historisk roman om livet til den unge kong Magnus Erlingsson. Magnus vart fødd på Studla i Etne 1156, og var dotterson av Sigurd Jorsalfare og son av Erling Ormsson, med tilnamnet Skakke. Livet til Magnus vart ikkje lett, med ein far som ikkje ville gje makta frå seg. Eide Forlag Bergen, 1999. Omslag: frå Eirik Werenskiold sin ill. til soga om Magnus Erlingsson.

Sjå kor dei elskar kvarandre



"Sjå kor dei elskar kvarandre" er ein annleis Heggland-roman. Den handlar om kjærleiken til Gud og menneske, som forherdar og forblindar, som splittar og skapar fiendar, men som òg forsonar og tilgjev. Det er ein roman om den vanskelege Sanninga, kva ho er, og korleis eit stakkars menneske skal leva med ho og i ho. Gyldendal Norsk Forlag, 1997. Omslag: Svein Størksen.

Tysk utgåve: "In der Weite des Nordens", 2001. 


Jordparadiset (2) - Vårherres nedfallsfrukt


Tobands-serien "Jordparadiset" heldt i 1995 fram med romanen "Vårherres nedfallsfrukt". Fartein er avkom etter ein fordrukken prest og ei kvinne som får tukthusstraff for det syndige livet sitt. Trass i dette blir han teken vel hand om av husbondfolket i Instøyo. Tidleg syner Fartein evner for det boklege, og han får studera i København. Gyldendal Norsk Forlag. Omslag: Tor Lindrupsen.

Jordparadiset (1) - Kunnskapstreet


Etter å ha avslutta fleire kritikarroste romanverk, sender Heggland her ut ein roman frå den gryande opplysningstida på 1700-talet. I boka er skapt eit miljø frå den tida då den folkelege kunnskapen fekk konkurranse av den boklege. "Kunnskapstreet". Gylden Norsk Forlag, 1995. Omslag: Tor Lindrupsen.

Retten til meg


"Retten til meg" er ei ungdomsbok som handlar om striden som kan oppstå når foreldra går kvar sin veg og kjempar om foreldreretten. Kven har retten til eit barn? Me møter Vetle og foreldra hans, og ikkje minst Besto som kanskje er den viktigaste hovudpersonen utanom Vetle sjølv. Solum forlag, 1993. Omslag: Radek Doupovec.

Karjana-bøkene (4) - Det stutte livet


Karjana - den varme og sterke og strie - er ei kvinne som kvilelaust står midt oppe i det og har vidope auga og hjarta for gleder og sorger både i eige og andres liv. I romanen "Det stutte livet" nærmar det seg livskvelden for henne. Livet lever ho likevel fullt og heilt med i så langt kreftene rekk. Gyldendal Norsk Forlag, 1992. Omslag: Tor Lindrupsen.

Tysk utgåve: "Im sanften Licht des Nordens", 2001. 


Karjana-bøkene (3) - Lyhamar


"Lyhamar" er den tredje boka i serien om Karjana. Det er ein sterk roman, der striden mellom pengemakt og menneskeverd kjem i forgrunnen. Det er mellomkrigstid med store omskifte og problem for folket i fjordbygda, med konkursar og tvangsauksjonar og med leiting etter nye utvegar til utkome og berging. Gyldendal Norsk Forlag, 1991. Omslag: Tor Lindrupsen.

Tysk utgåve under tittlen "Stürmische Wogen der Sehnsucht", 2001. 


Karjana-bøkene (2) - Karjana


Den første boka i serien om Karjana, "Guds husfolk", gav eit sterkt bilete av Karjana og den tunge striden hennar for å reinvaska ettermælet til ektemaken, bygdehovdingen Mandrup Hustveit. Ho har gått inn i eit nytt ekteskap. Året er 1914, og dønningane av verdskrigen når menneska i den vesle fjordbygda. "Karjana", Gyldendal Norsk Forlag, 1990. Omslag: Tor Lindrupsen.

På tysk under tittelen "Herzen fragen nicht warum", 2000. 



Karjana-bøkene (1) - Guds husfolk


I 1989 innleidde Johannes Heggland ein ny stor serie på i alt fire band: bøkene om Karjana, den middelaldrande gardkona på Hustveit - ein kvinneskikkelse som seint går or minnet. På den vesle bygdescenen blir det utspela eit drama som er både allment og aktuelt. "Guds husfolk", Gyldendal Norsk Forlag, 1989. Omslag: Tor Lindrupsen.

I 2000 kom boka ut på tysk under tittelen "Schatten meiner Träume". 



Meisterens søner


Med sterk og fast hand styrer Håkå handelsstaden Biskushamn i åra kring hundreårsskiftet (1890-1900). Håkå er ein patriark, eineveldig overhovud i familien og i krinsen av rettruande; men han er like myndig og urokkeleg i kampen for personleg vinning og framgang i det timelege og jordiske. Gyldendal Norsk Forlag, 1988. Omslag: Ingunn van Etten.

Tysk utgåve med tittelen "Der Hof am Fjord", 2006. 

Rømlingen


Den som kunne rømma frå alt i hop! tenkte Eldri. Ikkje skjøna ho mor si som greidde alt dette, og ikkje skjøna ho bror sin. Men minst av alt skjøna ho han som hadde vore far hennar... "Rømlingen" - Norsk Barneblads Forlag, 1988. Omslag: Marit Galdal. 

Seglet og vinden (3) - Gullkalven


"Gullkalven" er siste bandet i trilogien om Syllfest, som har funne eit nytt felt å nytta evner og krefter på: bergverksdrift. Han satsar stort på skjerping og utvinning av malm. Med dette vil han sjølv vinna heilt fram, men han vil også skapa velstand og framgang for sambygdingane sine mot slutten av 1800-talet. Gyldendal Norsk Forlag, 1987. Omslag: Ingunn van Etten.

Tysk utgåve under tittelen "Der goldene Fjord", 2003. 


Seglet og vinden (2) - I syndefallets teikn


"I syndefallets teikn" er andre bandet i trilogien "Seglet og vinden". Hovudpersonen Syllfest står midt oppi det pulserande livet slik det utfalda seg i mange sunnhordlandsbygder i siste helvta av 1800-talet. Syllfest er dregen mot den spennande nordlandsfarten med fiskehandel, sjøliv og fårefull segling, men samstundes kjenner han dei sterke banda til gard og odel og framdrift heime i bygdene. Gyldendal Norsk Forlag, 1986. Omslag: Ingunn van Etten.

Tysk utgåve i 2003 under tittelen "Gezeiten der Liebe". 




Seglet og vinden (1) - Syllfest


Etter suksessen med serien "Brødet frå havet" lanserte Johannes Heggland ein ny serie i 1985, denne gongen trilogien "Seglet og vinden". 

I det første bandet møter me Syllfest, som veks opp i det sermerkte miljøet som den eineståande nordlandsfarten skapte i Sunnhordland og Hardanger i den siste halvdelen av 1800-talet. Personane står traust i dette bonde- og fiskarmiljøet, skildra med innleving og teikna med stø hand og kraftige strok. Gyldendal Norsk Forlag. Omslag: Ingunn van Etten.

Boka kom også ut i tysk utgåve under tittelen "In den Stürmen des Nordens" i 2001.



Syskenlaget



Fleire av Johannes Heggland sine bøker kom i nye utgåver. Ei av dei var ungdomsromanen "Syskenlaget" frå 1966, som kom på nytt i 1985. Mange reknar denne boka for å vera ein av dei aller beste av Heggland sine romanar. 

"Syskenlaget" nådde mange då boka gjekk som framhald i Norsk Barneblad, og med denne nye utgåva nådde forteljinga ein ny generasjon. Norsk Bareblads Forlag, 1985. Omslag og ill.: Margit Galdal.

Brødet frå havet (4) - Ljosken frå paradis



Dei fire banda i romanserien "Brødet frå havet", som vart påbyrja i 1981, vart avrunda med "Ljosken frå paradis" i 1984. 

Om dette romanverket skreiv Elling Tjønneland: 

"Her skriv ein diktar om folket sitt. Han har gjort det før - ja, Johannes Heggland har skrive om folket sitt i 41 år. Men det er truleg at han aldri har gjort det betre enn nå i dette siste gjensvaret til Nattens brød av Johan Falkberget. Ljosken frå paradis avsluttar det store vestlandseposet."

Gyldendal Norsk Forlag. Omslag ved Ingunn van Etten.


Boka er også kome på tysk som "Licht aus dem Paradies" i 2000. 


Brødet frå havet (3) - Svartesjøen


Den tredje boka i romanverket "Brødet frå havet" har tittelen "Svartesjøen". Anna Gyria må hjelpa mange i den avstengde bygda. Under ein fødsel i grannelaget bergar ho barnet, men mora døyr - og etter kvart får Anna Gyria skulda for dødsfallet. Det set henne på ein prøve som krev det aller ytste av styrken hennar. Gyldendal Norsk Forlag, 1983. Omslag ved Ingunn van Etten.

Boka kom i tysk utgåve i 2000, under tittelen "Der schwarze Fjord". 



Brødet frå havet (2) - Born av støv


I band to i romanserien "Brødet frå havet" møter me Anna Gyria som ung enkje. Lesaren følgjer Anna tett frå dei tronge kåra på Naustbakkjen opp til Storevodlen og eit fornuftsekteskap som gjev henne både rikdom og makt, men samstundes også nye plikter - ei ny utvikling, på godt og vondt. Det blir hendingsrike år. "Born av støv." Gyldendal Norsk Forlag, 1982. Omslag ved Ingunn van Etten.

Boka kom på tysk i 1991, med nytt opplag i 1999, under tittelen "Brot aus dem Meer". 



Brødet frå havet (1) - Anna Gyria


På byrjinga av 1980-talet fekk forfattarskapen til Johannes Heggland "ein ny start", med dei fire bøkene i serien "Brødet frå havet" som kom i åra 1981-1984. Johannes Heggland tenkte seg sjølv desse bøkene som ein slags vestlandsk parallell til Johan Falkberget sine bøker om gruvedrifta på Røros, "Nattens brød".

Den første boka fekk tittelen "Anna Gyria" og fortel om nokre få år i livet til ei ung kvinne i ei sjøbygd på Vestlandet på midten av 1800-talet. Silda er ein viktig del av livsgrunnlaget deira. Til fisket kjem også karar frå andre bygder - og såleis får både Anna Gyria og mor hennar seg ein mann. Gyldendal Norsk Forlag, 1981. Omslaget er laga av Ingunn van Etten.


Boka kom også som lydbok (1981), samt i islandsk utgåve 1989 og på tysk 2006.