Debutromanen Folk under fjell, 1941


"At det er ein 22 år gamal debutant som har skrive denne store, mogne romanen, vil for fleire enn meg stå som komplett utruleg. Men likevel, slik er det." Marius Evjeberg om debutromanen "Folk under fjell", 1941.

Johannes Heggland - presentasjon


Johannes Heggland vart fødd i 1919 på Tysnes i Hordaland og døydde i 2008 i heimkommunen, der han i tillegg til forfatterverksemda også dreiv slektsgarden gjennom eit langt liv og var ordførar i to perioder.

I tillegg til meir enn 60 skjønnlitterære bøker for vaksne, born og ungdom gav han òg ut fleire lokalhistoriske arbeid og skreiv ei rekkje skode- og sogespel. Kristkongane på Moster vert til dømes årleg framført i Moster amfi på Bømlo. Johannes Heggland vart i 2005 utnemnd til Ridder av 1. klasse av Den Kongelege Norske St.Olavs orden. Forfattaren mottok fleire prisar for bøkene sine. Heggland var formann i Den norske Forfatterforening 1982-85, og sat i Nordisk Råds priskomité frå 1983 til 1986. Han har også vore medlem i Det litterære råd og i Norsk språkråd. For sitt virke var Johannes Heggland i ei årrekkje løna med Statens kunstnarstipend.

(Frå Gyldendal Norsk Forlag sin forfattarpresentasjon på internett)


Red. Knut Rage
Kontakt knutrage@gmail.com