Rusdøler


"Rusdøler" er ein historisk roman frå 1600-talet på Vestlandet. Heggland er ein forfattar som alltid kjem med det solide. Han kjem med det gode handverk, og den ekte kvaliteten... - Frå ei bokmelding i Stavanger Aftenblad. Gyldendal, 1971. Omslag: Peter Haars.

Munkestriden


Handlinga i "Munkestriden" er lagt til slutten av mellomalderen, like før svartedauen herja landet. Mellom munkane på Klosterøya og bøndene i Koldalen er det stor usemje om retten til laksefisket i elva, og striden endar med drap. Varald lærar mildskap av den gode munken broder Jon. Norsk Barneblads Forlag, 1971. Omslag: Borghild Rud.

Den forfølgde


"Den forfølgde" (1970) - I denne boka får me høyra meir om den unge Omon frå Husa, som det før er fortald om i "Fregattar i fjorden" og "I Kongens klede". Omon har no vorte omgangsskulelærar, men kjem i strid med mange av bygdefolket - og forfølginga stansar ikkje før saka kjem for retten. Norsk Barneblads Forlag. Omslagsteikning ved Unni-Lise Jonsmoen.

Sølv-denaren


I denne boka tek Johannes Heggland opp handlinga frå "Ferda mot sør", som kom i 1968. Me møter att dei unge hovudpersonane Torve og Tana, som lever i folkevandringstida, og opplever denne tida gjennom deira augo. "Sølv-denaren" kom ut i 1970 på Det Norske Samlaget. Omslaget er laga av Per Frenger.

I kongens klede


Unge Omon på Husa, som det blir fortald om i denne boka, er vorten så gammal at han nett er konfirmert. Presten tilbyr han å bli skulelærar i bygda, slik at han slepp unna teneste som soldat - men i staden melder Omon seg til hærteneste. - "I kongens klede". Norsk Barneblads Forlag, 1969. Omslag: Unni-Lise Jonsmoen.

Gabriel


"Langt ute braut storhavet. 

Bergryggene skaut opp frå havet, frå ukjende botnar liksom, vart vilt og herja land som verna om noko. Innanfor gråberga tedde det fram ei rekkje kollar og åsar og fjellrygger som liksom var vortne til av inkje, dei berre var der." 

- Slik lyder dei første linene i romanen "Gabriel". Gyldendal Norsk Forlag, 1969. Omslag: Tom Pedersen. 

Ferda mot sør


"Ferda mot sør" er ein ungdomsroman med handling frå folkevandringstida. Boka er ei vidareføring av Heggland sin kjende trilogi frå bronsealderen: "Folket i dei kvite båtane", "Bronsesverdet" og "Den heilage øya" - premiebøkene frå nokre år tilbake. Ungguten Torve dreg saman med andre nordbuar heilt sør til Roma. Omslagsteikning: Per Frenger. Det Norske Samlaget, 1968.

Dei spela gullterning


"Det året eg gjekk og las, samla me lesarborna oss på ein båt. Me hadde ein stor tung notbåt me laut baksa og ro med. Eg skal seia det var ikkje fjelgt alltid, haustardagen som det var og over opne fjorden som me laut."

I 1968 gav Johannes Heggland ut ei novellesamling - "Dei spela gullterning". Boka inneheldt 21 noveller, fordelt på tre hovudavsnitt. Gyldendal Norsk Forlag. Omslag: Terje Fuglseth.

Fregattar i fjorden


"Fregattar i fjorden", 1967. Då Norsk Barneblad fylte 80 år, fekk denne boka 1. premie i barneboktevlinga dei lyste ut. Det er ei spanande forteljing frå ei kystbygd i krigsåra fyrst på 1800-talet. Boka har ei mengd vakre illustrasjonar av Unni-Lise Jonsmoen.
2. utg. same forlag (1982).

Syskenlaget


Det er ein ny tidsperiode og eit nytt emne Heggland tek for seg i denne ungdomsromanen der handlinga er henta frå midten av 1800-talet. Tidsbiletet er både skremmande og interessant, og det viser kor fort utviklinga har gått fram til vårt velferdssamfunn. Hovudpersonen i boka, Herborg, er fødd utanfor ekteskap. -
Det Norske Samlaget, 1966.

Vegen til den turre kjelda


Heggland har oppnådd å skape en tett, spennende atmosfære... Det er en glede å lese en roman med en slik artistisk og fast oppbygning. - Olav Nordrå i Morgenbladet. Gyldendal Norsk Forlag, 1966.

Den heilage øya


Dette er den tredje boka i Heggland's serie med ungdomsbøker frå førhistorisk tid. Den første var Folket i dei kvite båtane, den andre var Bronsesverdet, begge fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementets 2. premie i tevlinga om beste nynorske barnebok. Begge bøkene ble omsatt til dansk, den første er også omsatt til tysk. - Frå vaskesetelen til "Den heilage øya", 1965.

Bronsesverdet


Ei spennande og hendingsrik bok frå bronsealderen. Handlinga tek til på Vestlandet ein stad, der On-folket er hærteke av "folket i dei kvite båtane". - Omtale av "Bronsesverdet" i Norsk Barneblad, 1963. Boka kom i ny utgåve 1986. Dansk utg. 1964.


Folket i dei kvite båtane


I 1962 kom den første barneboka til Johannes Heggland: "Folket i dei kvite båtane" - ei spennande fortelling frå bronsealderen som også gjekk som høyrespel i Barnetimen. Boka vart seinare omsett til dansk (1964) og til tysk (1964). I 1984 kom boka i nytt opplag.




Dagen før domedag


Nynorsk prosadiktning etter den andre verdskrigen er ikkje serleg imponerande, men Tarjei Vesaas er ikkje det einaste lyspunktet… Johannes Heggland er eit av dei andre lyspunkta… eg skal ta mykje i miss om ikkje dette er hans beste bok. Ragnvald Skrede i Dagbladet om "Dagen før domedag", 1961. Omslag: Oscar Reynert Olsen.

Kvinnfolkgarden


… det er en befriende følelse å oppleve noe som er ekte. Tvers igjennom ekte. Han er ikke noen kunstner. Han er bare kunst. Tro ikke at Hegglands bøker mangler dramatiske situasjoner eller at det skorter på "handling", langt fra det, men alt velder opp innenfra, fra dikterens eget sinn. - Philip Houm i Dagbladet om "Kvinnfolkgarden", 1955. Omslag: Odd Johan Pettersen.

Du er den fyrste



Du verden for et mylder av skikkelser, av ideer, miljøer, situasjoner! For en evne til å risse opp dramatiske opptrinn og intense stemninger! (-) Den som går inn i Hegglands verden, blir grepet av frodigheten og rikdommen der. Han vil nødig slippe boken igjen. Otlu Alsvik i Drammens Tidende om romanen "Du er den fyrste", 1952. Omslag laga av Edith Mohn.

Gard


Fast komponert, knapp i fremstilling og preget av en fortettet dramatikk… Han har utviklet en særmerkt, fengslende fortellermåte, og han viser i denne boken noen av de beste sider ved sitt talent. Egil Rasmussen i Aftenposten om "Gard", 1951. Omslaget er teikna av Bjørn Næss.

Den dyre lov


Det er en glede å lese denne romanen av Johannes Heggland. Den er båret av en slik varm medfølelse med menneskene og en slik dyp tro på det gode i dem at en føler at boken bygger opp i en noe av varig verdi. - Bokomtale av "Den dyre lov" i Morgenbladet, 1950.

Menneskebrunnen


Boken har tradisjonens sikkerhet og tyngde. Den har det selvfølgelige kjennskap til det miljø og de mennesker den forteller om. Og den har talentets udefinerbare evne til å skape liv av de menneskeskjebner den stiller frem… - Bokomtale av "Menneskebrunnen" i Aftenposten, 1949. Ny utgåve 1977.

Eit anna land



"Båtane låg og småhogg nedi strandi, grå naust låg klinte innpå ein annan med våte snauberg ikring, og minte Velom så ubergeleg om notkallar som hadde gått til ro, snutt rygg mot rygg og sovna. Han laut le, han var åleine og kjende det gjorde godt. Men langt ute der alt gjekk i eitt med natti, mol havet. Dagen etter for dei søretter. Det var vår i lufti." Frå "Eit anna land", Noregs Boklag (1948).

Manns blod


"Men då ho letta på stovedøri, var ho med eitt so varsam - stiltra seg på tå. Innar med senga sat Velom med Bibelen yver knei og las, koleljoset fall i ein ring yver dei og la resten av sova i myrker." Frå boka "Manns blod". Noregs Boklag, 1946.

Ein mann åtte ein vingard


"Boka er delt inn i fire avsnitt som handlar om livet Ingebjer og Omon lever. Avsnitta har overskriftene Himmelvegen, Guds menneske, Ein mann åtte ein vingard og Vandraren og vegen." Om boka "Ein mann åtte ein vingard". Noregs Boklag, 1945

Guds åkerland


"Han reid upp gilet, hesteføtene hogg mot gråsteinen. Soli gylte snøen i Skreidfjelli. Ei kubjølle skramla med so kvast eit mæle vest på Prestasætre. Og dagen var den åttande etter jonsokdansen på Hakledalsletta. Siriblomane opna krunone sine og såg med bljuge gjenteaugo mot aust. Då kjende Aron han enno var ung." Frå "Guds åkerland", 1943.

Den vegville ætt



"Han er en av de vi skal følge nøye med framover. Han er godt rustet med et vakkert språk, han kan fortelle så spennende at han holder hvem som helst fast, og han har en tydelig og usvikelig dikterevne: han kan gi kjøtt og blod og sinn i sine kvinneskikkelser."

Nils Johan Rud i Magasinet for alle om "Den vegville ætt" som var den andre boka til Johannes Heggland, i 1943.