Eit anna land



"Båtane låg og småhogg nedi strandi, grå naust låg klinte innpå ein annan med våte snauberg ikring, og minte Velom så ubergeleg om notkallar som hadde gått til ro, snutt rygg mot rygg og sovna. Han laut le, han var åleine og kjende det gjorde godt. Men langt ute der alt gjekk i eitt med natti, mol havet. Dagen etter for dei søretter. Det var vår i lufti." Frå "Eit anna land", Noregs Boklag (1948).