Seglet og vinden (3) - Gullkalven


"Gullkalven" er siste bandet i trilogien om Syllfest, som har funne eit nytt felt å nytta evner og krefter på: bergverksdrift. Han satsar stort på skjerping og utvinning av malm. Med dette vil han sjølv vinna heilt fram, men han vil også skapa velstand og framgang for sambygdingane sine mot slutten av 1800-talet. Gyldendal Norsk Forlag, 1987. Omslag: Ingunn van Etten.

Tysk utgåve under tittelen "Der goldene Fjord", 2003. 


Seglet og vinden (2) - I syndefallets teikn


"I syndefallets teikn" er andre bandet i trilogien "Seglet og vinden". Hovudpersonen Syllfest står midt oppi det pulserande livet slik det utfalda seg i mange sunnhordlandsbygder i siste helvta av 1800-talet. Syllfest er dregen mot den spennande nordlandsfarten med fiskehandel, sjøliv og fårefull segling, men samstundes kjenner han dei sterke banda til gard og odel og framdrift heime i bygdene. Gyldendal Norsk Forlag, 1986. Omslag: Ingunn van Etten.

Tysk utgåve i 2003 under tittelen "Gezeiten der Liebe". 




Seglet og vinden (1) - Syllfest


Etter suksessen med serien "Brødet frå havet" lanserte Johannes Heggland ein ny serie i 1985, denne gongen trilogien "Seglet og vinden". 

I det første bandet møter me Syllfest, som veks opp i det sermerkte miljøet som den eineståande nordlandsfarten skapte i Sunnhordland og Hardanger i den siste halvdelen av 1800-talet. Personane står traust i dette bonde- og fiskarmiljøet, skildra med innleving og teikna med stø hand og kraftige strok. Gyldendal Norsk Forlag. Omslag: Ingunn van Etten.

Boka kom også ut i tysk utgåve under tittelen "In den Stürmen des Nordens" i 2001.



Syskenlaget



Fleire av Johannes Heggland sine bøker kom i nye utgåver. Ei av dei var ungdomsromanen "Syskenlaget" frå 1966, som kom på nytt i 1985. Mange reknar denne boka for å vera ein av dei aller beste av Heggland sine romanar. 

"Syskenlaget" nådde mange då boka gjekk som framhald i Norsk Barneblad, og med denne nye utgåva nådde forteljinga ein ny generasjon. Norsk Bareblads Forlag, 1985. Omslag og ill.: Margit Galdal.

Brødet frå havet (4) - Ljosken frå paradis



Dei fire banda i romanserien "Brødet frå havet", som vart påbyrja i 1981, vart avrunda med "Ljosken frå paradis" i 1984. 

Om dette romanverket skreiv Elling Tjønneland: 

"Her skriv ein diktar om folket sitt. Han har gjort det før - ja, Johannes Heggland har skrive om folket sitt i 41 år. Men det er truleg at han aldri har gjort det betre enn nå i dette siste gjensvaret til Nattens brød av Johan Falkberget. Ljosken frå paradis avsluttar det store vestlandseposet."

Gyldendal Norsk Forlag. Omslag ved Ingunn van Etten.


Boka er også kome på tysk som "Licht aus dem Paradies" i 2000. 


Brødet frå havet (3) - Svartesjøen


Den tredje boka i romanverket "Brødet frå havet" har tittelen "Svartesjøen". Anna Gyria må hjelpa mange i den avstengde bygda. Under ein fødsel i grannelaget bergar ho barnet, men mora døyr - og etter kvart får Anna Gyria skulda for dødsfallet. Det set henne på ein prøve som krev det aller ytste av styrken hennar. Gyldendal Norsk Forlag, 1983. Omslag ved Ingunn van Etten.

Boka kom i tysk utgåve i 2000, under tittelen "Der schwarze Fjord". 



Brødet frå havet (2) - Born av støv


I band to i romanserien "Brødet frå havet" møter me Anna Gyria som ung enkje. Lesaren følgjer Anna tett frå dei tronge kåra på Naustbakkjen opp til Storevodlen og eit fornuftsekteskap som gjev henne både rikdom og makt, men samstundes også nye plikter - ei ny utvikling, på godt og vondt. Det blir hendingsrike år. "Born av støv." Gyldendal Norsk Forlag, 1982. Omslag ved Ingunn van Etten.

Boka kom på tysk i 1991, med nytt opplag i 1999, under tittelen "Brot aus dem Meer". 



Brødet frå havet (1) - Anna Gyria


På byrjinga av 1980-talet fekk forfattarskapen til Johannes Heggland "ein ny start", med dei fire bøkene i serien "Brødet frå havet" som kom i åra 1981-1984. Johannes Heggland tenkte seg sjølv desse bøkene som ein slags vestlandsk parallell til Johan Falkberget sine bøker om gruvedrifta på Røros, "Nattens brød".

Den første boka fekk tittelen "Anna Gyria" og fortel om nokre få år i livet til ei ung kvinne i ei sjøbygd på Vestlandet på midten av 1800-talet. Silda er ein viktig del av livsgrunnlaget deira. Til fisket kjem også karar frå andre bygder - og såleis får både Anna Gyria og mor hennar seg ein mann. Gyldendal Norsk Forlag, 1981. Omslaget er laga av Ingunn van Etten.


Boka kom også som lydbok (1981), samt i islandsk utgåve 1989 og på tysk 2006.






Synder


Romanen "Synder" tek opp spørsmålet frå "Høgmessesundagen" tre år tidlegare, om mennesket har lett for å tru på det gode. I denne romanen er spørsmålet omsnutt: har ein lettare for å tru på det som vondt er? Gyldendal Norsk Forlag, 1980.

Jøkul-sonen

'

"Jøkul-sonen" er ein biografi om Snorre Sturlason i romans form, mynta på ungdom. Boka kom ut i samband med 800 års-markeringa for Snorre sin fødsel. Norsk Barneblads Forlag, 1979. Omslag: Margit Galdal.

Brevet til kongen


"Brevet til kongen" er ein oppfølgjar til "Det pantsette landet" med handling frå Hjaltland, eller Shetland som me seier i dag. Den skotske jarlen Patrik styrer med hard hand over Hjaltland. Ungguten Heine blir med på ei ferd til kongen i Danmark. Der må dei då kunne få støtte. Men det er ikkje så lett å koma seg vekk frå øyane der både folk og sklip er i jarlen si makt. Norsk Barneblads Forlag, 1978. Omslaget er signert S.M.S. (Solveig Muren Sande).

Menneskebrunnen


I 1977 kom "Menneskebrunnen" frå 1949 ut i ny utgåve. Romanen fekk usedvanleg god kritikk. I Bergens Arbeiderblad skreiv Johs. A. Dale: "Menneskebrunnen er ein svært god roman, ja på ein måte ein nære på fullkommen roman." Omslag ved Odd Ousland. Boka vart utgjeve på Noregs Boklag med tilskot frå Norsk Kulturråd.

Det pantsette landet


I "Det pantsette landet" har Johannes Heggland henta historisk stoff frå Shetland, det gamle Hjaltland. Det er på slutten av 1500-talet, midt under det verste styret til den brutale skottejarlen Patrik, som let mange arbeida som trellar på den nye, store borga si. Far til unge Heine og Åsil blir tvinga til å gå i jarlen si teneste. Norsk Barneblads Forlag, 1977.

Johannes Heggland vitja Shetland året før han skreiv boka, saman med dottera Marianna, for å samla stoff. Marianna hugsar i dag at det var eit skrekkeleg uver den dagen dei tok turen for å sjå på ruinane av jarlen sin borg. "Det pantsette landet" er å finna på folkebiblioteket i Lerwick, på hylla med bøker om Shetland.




Høgmessesundagen


I 1977 kom den første vaksenboka på lang tid, etter ei rekkje romanar for born og ungdom på 1970-talet - "Høgmessesundagen". Ein sundag i august står ein lys levande Messias fram i ei vestlandsk fjordbygd. "Høgmessesundagen" er ein fengjande roman. Men det er óg ei bok som tek opp høgst aktuelle problem, og som vil ha mykje å gi alle medvetne lesarar. Gyldendal Norsk Forlag, 1977.

Til framande strender


Hendingane i "Til framande strender" går føre seg på 1500-talet, då ei norsk skute forliser på Færøyane. Norsk Barneblads Forlag, 1976. Omslagsteikning: Borghild Rud

Sira Dagbjørn


Ungdomsbok med handling frå katolsk tid. Då Dagbjørn blir kalla til prest i heimbygda si har han med seg ei lita jente frå klosteret sitt - ho er blind og har kome for å få hjelp. Dagbjørn freistar få henne til å bera den tunge lagnaden med tålmod, men sjølv trur jenta fullt og fast at underet skal skje og at ho vil få att synet. Norsk Barneblads Forlag, 1975. Omslagsteikning: Borghild Rud.

På vidvanke


Frå slutten av 1960-talet og utetter 1970-åra skreiv Johannes Heggland ei rekkje romanar berekna på større born. I boka "På videvanke" møter me Dagbjørn, som er mistenkt for å ha teke livet av ein mann på ei ferd nordover langs kysten. Det gjer at han kjem på flukt gjennom mange bygder, heilt til sanninga kjem for ein dag. Norsk Barneblads Forlag, 1974. Omslagsteikning: Borghild Rud.

Den kvite guden


"Den kvite guden" fortel om den unge guten Olarr og Veig, trælen hans, som finn seg att på ein framand kyst etter at båten deira har forlist. Dei har nett vore i vesterveg, og skipet har ført med seg både skattar og kvinner. Også systrene Viflin og Ynn har kome frå det med livet - men dei talar eit anna mål, og trur på ein annan gud... Det Norske Samlaget, 1973. Omslagsteikning: Per Frenger.

Ferda til Bjorgvin


Handlinga i "Ferda til Bjorgvin" er lagt til tida like etter svartedauen, då det var hardt for folk å greia seg. Varald og fostersonen Dagbjørn må fara til Bjorgvin og søkja hjelp hos bispen der. Norsk Barneblads forlag, 1973. Omslag: Borghild Rud.

Selja frå Salmeli


"Selja frå Salmeli" er ei spennande forteljing frå den tida svartedauen herja i landet. For denne boka fekk Johannes Heggland ein pris frå Kyrkjedepartementet i 1973, det året boka kom ut. Norsk Barneblads Forlag. Omslag: Borghild Rud.