Johannes Heggland (1919 - 2008)


Johannes Heggland debuterte 1941 med romanen Folk under fjell. Seinare har han mellom anna skrive mange romanar med emne frå historia. Sogespelet Kristkongane på Moster vert kvart år oppført på Moster, det såkalla Mostraspelet. Han forfatta ei lang rad historiske romanar, drama, ungdomsromanar, barnebøker og noveller. Forfattarskapen er løna med ei rad prisar. Heggland var ordførar i Tysnes 1956-59 og 1968-71, fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening 1982-85, medlem av Nordisk Råd sin priskomité, medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. Han mottok i ein lengre periode Statens Kunstnerstipend. I 2005 vart Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. 



Alt tidleg dokumenterte Heggland stor psykologisk innleving, ikkje minst har han synt innsikt i og forståing for kvinnesinnet. Difor finn vi fleire sterke og flotte kvinneskapnader i forfattarskapen hans. Vestnorsk bygdeliv og sunnhordlandsk soge kjende han som knapt nokon, og med sin djupe kjennskap og diktarlege skaparevne har han reist eit varig monument over kvardagsheltar og kvardagsslitarar i landsdelen. - Jan H. Landro
.

Bøker om Johannes Heggland




Artikkelsamlinga "Johannes Heggland - diktar og historikar" vart gjeve ut av Tysnes Sogelag i samband med 90 års-dagen i 2009 (Heggland døydde året før). 

Bibliotekleiar ved Tysnes folkebibliotek Knut Rage, som hadde tett kontakt med Johannes Heggland i dei siste leveåra, m.a. med tanke på ei framtidig Heggland-samling i Tysnes, har skrive eit oversyn over forfattarskapen hans. Professor Gunnstein Akselberg ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet  i Bergen, bidreg med ein artikkel han har kalla "Særtrekk ved det episke skriftspråket", medan Ottar Grepstad, som er direktør ved Ivar Aasen-tunet, har eit innlegg som er kalla "Den nynorske prosaforteljaren". 

Dr. philos Kåre Glette, som i si tid tok hovudfag i litteratur på trekk ved Heggland sin forfattarskap, tek føre seg den siste romanserien til Heggland,  ”Tusen vårar”,  i artikkelen "Å tømra ein tusenårsstad på Tysnes". Informasjonssjef i Gyldendal, Bjarne Buset, har skrive om Johannes Heggland som Gyldendøl. Då Heggland døydde var han den gyldendølen med lengst fartstid i forlaget.

Johannes Heggland var særs oppteken av den mellomalderske gildesamskipnaden og Onarheimsgildet på Tysnes. Ph.d. Lars Bisgaard ved Syddansk Universitet tek såleis føre seg "Gildernes oprindelse og deres udvikling i middelalderen", medan arkivar Harald Lindbach ved    Universitetet i Tromsø skriv om "Middelaldergildene i Norge". Boka vert avslutta med ein artikkel av Johannes Heggland sjølv, som skriv om "Olavsgildet på Onarheim i vestnorsk samfunn".  

--

I 2012 kom det ut ei bok om den språklege sida ved Johannes Heggland sin forfattarskap, skrive av professor Andreas Bjørkum. 

Sett vekk frå eit par masteroppgåver er det forska mest ingenting på mannen og verket. Det var difor ei storhending i seg sjølv at pensjonert professor Andreas Bjørkum sendte ut ein språkleg analyse av Heggland sin skjønnlitterære produksjon. Lydverket er grundig kartlagt, til liks med formverket, og viser den språklege utviklinga i forfattarskapen gjennom nærare sytti år. 

No vert dette rett nok for særs interesserte, for språkfolk, litteraturvitarar og studentar, men også for ein lekmann vert det eit interessant studium – og kjem til å vera det i lang tid framover. Av vel så stor interesse er dei grundige oversiktene over ordtilfanget, anten det no gjeld dei mange ord og vendingar med opphav i sunnhordlandsdialekten, eller person- og stadnamn, eller det rike ordtilfanget henta frå normalisert nynorsk.